LINDESNES!!
Etter å ha sykla langs lakselva i Støren, passert ein morsk moskus på Dovrefjellet, møtt 8 venner&famile langs vegen strekninga Dombås-Otta, tatt inn på eit spa hotell i Kragerøe, spørt Harald Eia om vegen til Arendal og besøkt mor&far Benestad på hytta i Lillesand.. er vi framme! Den siste veka kunne vi pakka ned ulltøyet og blotta våre bleike kroppar for sola. Og is og jordbær har smakt godt som mellom-måltid..
Etter å ha sykla riksveier nedover var det ei stor påkjenning for oss å komme til tettstrøk som Gjøvik. Her sulla vi oss inn på motorveier, bomveier og andre stikkveier før vi etter 1 time klarte å komme oss på rett vei mot Hønefoss. Kall oss gjerne bønder i by'n.. men etter ein slik dag var vi spente på korleis det skulle gå videre sørover mot Lillehammer, Skien og Kongsberg. Etter mange kikk på kartet og god planlegging gjekk det radig nedover mot kysten og Kragerøe. Vi hadde lenge lengta til kysten, så smilet var bredt då vi sykla inn i Kragerøe kommune. Gleda var ekstra stor ettersom vi visste det venta oss eit rom på Quality Resort&SPA hotell. Kvite morgenkåper, stearinlys, aroma massasje, basseng, boblebad og ein betre middag på kvelden var ein del av opphaldet. Kontrasten var stor frå teltlivet og vi følte oss fantastisk heldige som fekk spandert ei slik natt av mor&far Bjelland. Tusen takk!
Vi vakna med ny energi og klare for å peise på nedover sørlandskysten fram til Justøya kor vi kunne kjøla oss ned i vatnet ved hytta til fam. Benestad. Seinare fekk me varm kveldsmat i godt selskap med farmor & farfar. Vi var ikkje mange mil frå målet, noko vi begge fann vanskeleg å forstå.. Likevel tråkka vi oss ut på gamle E18 mot Mandal kor vi skulle tilbringe siste natta. Dette var siste gongen vi slo opp teltet og spiste vår siste "gourmet middag" på primus. Det var spesielt, ifølge Ingeborg var det nesten litt vemodig.
Vi vakna opp til ein ny solskinnsdag og det gjenstod kun 4 mil, - "sjarmør etappen". Erlend (kjærasten til Ingeborg) banka overraskande på teltet. Han hadde med seg egg og bacon til frokost. Etter ein lang og triveleg frokost saman var vi klare for å fullføra.
Vi kom trillande inn til ein heiagjeng på 15stk. Familie og kjente kom for å gratulera med det norske flagg. Me fekk roser, t-skjorte og "pikekyss". Etter mange varme klemmar sprang vi opp til Lindesnes fyr og tok eit bilete til dokumentasjon i eit register på Lindesnes.
Det er ufatteleg å tenkja at vi no har 260 mil lagt bak oss. To spreke jenter på hjul, - ein fantastisk tur i Noregs land. Den varte i 28 dagar. Gleda er og har heile tida vore STOR!
Takk for kjekke meldingar og helsingar undervegs!
Klem frå oss to - spreke jenter på hjul.


Morsk moskus

Livet er bra på Støren camping!

Vårt vakre land!

To spreke jenter på hjul

Traff mormor og morfar til Ingeborg + Erlend Haus på Lygna

Det er ikkje lett på finne fram..

Studerer kart

Is og jordbær. Vi nyter ferien!

Luksus!


"Heaven"

Bra for kropp og sjel



Glade for å vera på hotell

Sørlandet

Endeleg er vi ved kysten!


Pizza i Notodden

Norges minste bilferge laga av tre


Erlend serverer oss egg&bacon

Triller i mål..

Stor velkomst



Hurra!

Stolt far


Ein nydeleg dag ute ved Lindesnes fyr

Tilbake til kvardagen..




















































